Juni, 2018

Produksjonsleiar

Av Petter Skar, tidligere produksjonsleder, Peer Gynt as.


Produksjonsleiing av spel eller utandørsteater er ein utfordrande, men skjeldan kjedeleg jobb. Produksjonsleiaren er bindeleddet mellom arrangøren og det kunstnariske laget som skaper førestillinga, og har hovudansvaret for å knyte til seg kunstnarar gjennom kontraktar og avtalar. Produksjonsleiaren skal samstundes ta vare på både arrangøren og kunstnarane sine interesser. Målet er å hjelpe alle partar med å skape ei så god forestilling som mulig, dette med tanke på både dei økonomiske og menneskelege ressursar.  I tillegg er spel svært avhengige av dei frivillige, dette gir ein ekstra dimensjon til produksjonsleiaransvaret. Erfaringsvis må ein jobbe aktivt med å ta vare på deira interesser, og arbeide mykje med organisering for å sørgje for at dei frivillige har ei god oppleving.

Sjølv er eg godt i gang med mitt andre år som produksjonsleiar for «Peer Gynt ved Gålåvatnet». Her ved Gålåvatnet har Ibsens drama vore spelt sidan 1989. I Peer Gynt as er det tilsett ein kunstnarisk leiar, nyleg tok Ellen Horn over denne jobben etter Iren Reppen. Kunstnarisk leiar og administrerande direktør Marit Lien er dei produksjonsleiaren forhold seg til innad i organisasjonen. Det er styret i Peer Gynt as som saman med kunstnarisk leiar og administrerande direktør sett rammene for førestillinga og «Peer Gynt stemnet» som heilheit.

I dei seinare år har Peer Gynt as gått mot ein modell med hyppigare utskifting av det kunstnariske laget bak forestillinga. Sidan 2013 har vore gjort tre ulike tolkingar av Ibsens tekst ved Gålåvatnet, leia av regissørane Svein Sturla Hugnes, Erik Ulfsby og nåværande regissør Sigrid Strøm Reibo.  Denne modellen krev stor evne til omstilling, både blant dei frivillige og innan organisasjonen. Nye produksjoner skil seg i stor grad frå gjenoppsetjinger når det kjem til omfang av arbeidet for alle parter. Ved gjenoppsetjing er produksjonsleiaren sin jobb noko enklare. I dei følgande avsnitta vil eg gå nærare inn på prosessen bak ein ny produksjon slik eg opplever det.

  1. Planlegging, kontraktar, rammevilkår

Produksjonsleiaren er med i alle fasar av produksjonen. Planlegging, arbeid med avtaler og rammevilkår inngår i første del av prosessen. Etter at det kunstnariske laget er etablert, og kontraktene er inngått, er det også ein del av ansvaret å klargjera dei økonomiske rammene for laget. Det er også svært viktig å sette leveringsfristar for skisser og modeller og å sørge for å få samla inn dokumenta. I tillegg må det formidlast kva slags muligheiter og begrensinger det er i dei frivillige, og at dersom ein ønskjer at dei skal delta aktivt i produksjonen må man forsøke å skape engasjement. Dette er heilt avgjerande. Det er viktig at det kunstnariske laget forstår at det er mykje dugnadsånd som ligg bak ein spelproduksjon, i motsetning til på institusjonsteatera. Eit anna aspekt er at dei store teatermiljøa eksisterer i dei store byane, spelene har ofte base ute i distrikta. Dette fører til ekstraarbeid med organisering av møter.

2. Skisser, organisering og fleire kontrakter.

Etter kvart som kunstnarane leia av regissør, dannar sine skisser og modeller av forestillinga må produksjonslaget organiserast. Her må produksjonsleiar knytte til seg menneskjer i støttefunksjonar. Dette er støttefunksjonar knytt opp mot alt frå regi, mask, kostyme, scenografi, rekvisittar, musikk, lyd, lys, og generelt apparatet rundt forestillinga. Ein må ha ein inspisient som kan organisere prøvene, teknikarar, maskører, syersker og mykje meir. På scena treng ein profesjonelle skodespelarar, som også skal ha kontrakter, samt ofte ein hær av frivillige amatørar til massescener og ulike småroller. Ein må som regel også belage seg på ein kombinasjon av frivillige og profesjonelle i støttefunksjonane rundt forestillinga, alt ettersom krav om forkunnskap og ansvar. I denne fasa utformast det ein del nye kontraktar og avtaler med profesjonelle aktørar innan for eksempel lyd og lys. Ein må også lage oppmøteplaner for alle involverte og sørge for at alle har informasjon om prøvetider og sine ansvar knytt til produksjonen.

3. Informasjonsflyt og framdrift

Etterkvart som produksjonen er i gang er ein avhengig av å sørge for god informasjonsflyt. For eksempel produksjon av scenografi, krev god kommunikasjon mellom scenograf og verkstedsleiiar. Scenograf ynskjer å få eit resultat som helst er lik modellen, men verkstedsleiiar må samtidig jobbe innanfor ei stram økonomisk ramme. Her er det avgjerande at organiseringa er tydeleg, det vil seie at alle ledd har god forståing av rollefunksjonane. Dette er ofte ei utfordring med spelproduksjonar, der produksjonsapparatet er lite, og ein person ofte kan ha fleir roller. Hyppige møter i dei siste fasane av produksjonen er viktig.  Undervegs i prosessen vil ein mest sannsynleg få utfordringar som fører til at framdrift stagnerer på ulike hold, det er derfor svært viktig at dei riktige menneskjene tidleg blir informert her. Her må produksjonsleiaren fungere som eit talerøyr, for å kunne kartlegge kvar flaskehalsen ligg. Dersom produksjonsleiaren er flink til å halde kontakten med alle partar, kan ein løyse problem fortløpande.

4. Evaluering

Etter premiere og alle førestillingar er over er ein nøydd om å evaluere prosessen. Prosessen mot ei ferdig førestelling vil aldrig være perfekt, og på eit eller anna punkt vil det bli kaotiske tendensar. Men det er viktig å samle inn informasjon frå dei frivillige, produksjonsteamet, dei på scenen, dei bak scenen og så klart det kunstnariske teamet. Etter slike møter vil ein mest sannsynleg være mykje betre stilt til å ta nye utfordringar i framtida. Men også få innspel til endringar.

5. Frivillige

Når det gjeld frivillige er dette ein så sentral del av det å jobbe med spel, at ein ikkje kan unnlate å nemne det spesielt. Dei frivillige er motoren i produksjonen, utan deira bidrag og hjelp vil det stoppe opp. Arrangøren er heilt avhengig av å ha eit godt forhold til sine frivillige. I Peer Gynt as er dette løyst med ein eigen frivilligkoordinator underlagt produksjonsleiaren. Frivilligkoordinator sørgjer for organisering og rekruttering av nye frivillige. Ved Gålåvatnet kan det være opp mot 150 frivillige aktørar i sving på og bak scena, å organisere alle dei og sørge for at dei har ei god oppleving er mykje arbeid.

6. Prosjektstyringsverktøy

Eit anna viktig aspekt av koordinering og styring av produksjonen er produksjonsverktøya ein har til rådigheit. Klarer ein å lagre det meste av informasjon om planer, lister og oppgåver på ei flate er dette det beste alternativet. Etterkvart som svært mange menneskjer blir kopla på prosjektet er ein avhengig av å ha informasjonen lett tilgjengeleg og synleg for alle involverte. Dersom verktøya er standardisert og lette å bruke blir prosessen oversiktelig. 

Som ung og fersk produksjonsleiar har eg hatt mykje arbeid med å setja meg inn i alt ein må kunne. Jobben byr på mange utfordingar på tvers av mange fagfelt, det krevjast ein god forståing for økonomi og avtalerett, i tillegg må ein ha evna til å forhalde seg til menneskjer frå alle sosiale lag, med svært ulike yrkeserfaring og bakgrunn. Ein må ha ein god forståing for teatermiljøet, og for menneskjer generelt, så ei viss sosial antenne kjem godt med. Skulle eg trekke frem noko av det viktigaste ein produksjonsleiar gjer, så ville det være grundig arbeid med avtaler, god organisering av produksjonslaget og å prate mykje med dei involverte. Eg tykkjer teater og spel er stas, og eg kunne ikkje vore meir lykkeleg over å få jobbe med noko så spanande som dette!


Denne artikkelen ble publisert i juni, 2018

Relevant lesestoff:


Produksjonsleder